Framtidig bruk av det gamle skulebygget (22.08.2011)

Sjølv om kommunen har ikkje gjort endeleg nedleggingsvedtak når det gjeld Velledalen skule, så arbeider ein no med planane for oppstart av privat montessoriskule til hausten 2012.

Styret for Velledalen Montessoriskule AS har nedsett ei nemd som skal avklare situasjonen når det gjeld skulebygg. Nemda har sendt brev til kommunen og bede om eit avklaringsmøte. I brevet skriv nemda at ein har to alternativ, anten å overta og ruste opp Velledalen skule eller å satse på bygging av ny skule. Nemda har bede om at møtet vert halde innan utgangen av august.

Publisert: Måndag 22. August 2011 Kl. 10:06