Historikk

Velledalen Montessoriskule AS starta opp i august 2012 og var godkjend for 50 elevar. Seinare har vi fått godgjent søknader om auke i talet på elevplassar, først til 60 frå skuleåret 2015-2016 og sidan til 75 frå skuleåret 2019-2020.

Elevar og tilsette fyrste skuledag 2012!

Dette oppslaget kunne ein lese ved skulestart i august 2013:

Velledalen Montessoriskule

Etter eit år med skule i Velledalen grendahus kunne elevar og tilsette ta i bruk "nye-skulen" sin. Det var 42 spente elevar som møtte til skulestart, og alle sette stor pris på å få ta i bruk nye,flotte lokaler.

Skulen har fått eit tilbygg på 250 kvadratmeter over to etasjar og i tillegg er det gamle skulebygget oppgradert og rehabilitert slik at skulen i dag står fram som eit moderne skulebygg. Ein formidabel innsats har vore lagt ned av folket i dalen for å oppgradere den nedslitne skulen som Montessoriskulen kjøpte av Sykkylven kommune.

Dagen starta med gratis frukost for elvane og dei som møtte fram kosa seg med fellesmåltidet på det nye skulekjøkkenet og dette vert fast kvar morgon no framover.

Alle elevane vart tatt i mot av rektor og dei tilsette, og i opningstalen vart spesielt dei tre nye førsteklassingane helst velkomne. Det nye bygget vart sjølvsagt omtala. I år er det nøyaktig 50 år sidan Velledalen skule var opna og elevane i dag fekk vere med på ei historisk hending når dei no fekk ta i bruk det nye bygget. På omvisninga ga elevane uttrykk for at det var veldig fint og at skulen hadde blitt stor.

Kristian, Sophia og Maria er dei nye førsteklassingane og her er dei plassert i ein sofa som L.K Hjelle har gitt i gåve til skulen.

Samling i gruppe 1.

Desse to stolane fekk Velledalen skule i gåve med Velledalen møbler under opninga i 1963, no har dei fått nytt stoff og er plassert på rektor sitt kontor.

Elevane sette stor pris på at leikarhytta blei flytta frå grusbana og opp i " skule-skogen".

Odd Kåre Fet har vore byggeleiar for skulen og har følgt arbeidet med bygging/ombygging nøye frå fyrste dag og til siste slutt.  Her gratulerer han rektor Kristin Grebstad med den nye skulen på fyrste skuledag.

Kvardag i klasserommet.

Nokre av elevane i gruppe er i gong med syarbeid

Velledalen Montessoriskule AS starta opp i august 2012 med 46 elevar, men er godkjend for 50 elevar.Skuleåret 2013 / 2014 er vi pr 01.11.13 45 elevar.

Velledalen Montessoriskule tilbyr eit godt og spanande alternativ til den offentlege skulen.

Skulen driv etter Montessoripedagogikken, som vinklar innlæringa mot eit meir praktisk aspekt. Krava til skule og innlæring er lik den offentlege skulen.

Skuledagen startar kl.08.30 og fyrste økta varer fram til 11.00, då er det felles måltid på grendahuset og kvar torsdag får elevane servert eit gratis varmt måltid.

Elevane har 65 minutt aktivitetstid ute, før dei starta på siste økta som varer frå 12.30 - 14.30.

Det er ikkje foreldrebetaling/skulepengar på Velledalen Montessoriskule.

Elevar i Sykkylven kommune har rett på fri skuleskyss.

Søknadsfrist er 1.februar for skulen og 1.april for SFO

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

MONTESSORI?

 

Då Sykkylven kommunestyre våren 2010 gjekk inn for at Velledalen skule skal leggast ned, var årevis med usikkerheit om skulen vår komen til ein ende.

 

Velledalen privatskule hadde søkt om oppstart av privatskule med montessoripedagogikk, og seinhaustes 2010 vart søknaden innvilga. Det var ei lukke. Det er alfa og omega for ei grend at der er skule og barnehage.

 

Men montessori?

Kva er det vi skal begi oss ut på med elevane våre? 

Frå den velkjende og «trygge» offentlege skulen som har vore driven her i Velledalen sidan 1880-åra, og til noko aldeles ukjent!

Ok, tenkte eg, dette må eg vite litt meir om.

 

I siste liten melde eg meg på eit kurs i montessoripedagogikk i Oslo med det same skuleferien begynte i 2010. Eg var ganske lunken til det å begynne å setje meg inn i ein annan pedagogikk etter så mange år med den kjende offentlege læreplanen og pedagogikken. Men 10 dagar med kurs kunne no eg alltids orke.

Det vart 10 intense dagar der vi fekk presentert den praktiske montessoripedagogikken og fekk praktisere sjølve. Det er det mest praktiske kurset eg nokon gong i mitt lange lærarliv (31 år) har hatt. Og det var veldig tiltalande!

 

På 2010-kurset var det språkfag, kulturfag ( samfunnsfag, geografi, naturfag, kunst/handtverk) og kosmiske historier og ekperiment som var pensum.

I montessoripedagogikken baserer ein seg i stor grad på bruk av konkret materiell i den grunnleggjande innlæringa i faga. Faga er svært systematisk og logisk oppbygde, og eleven går ikkje vidare til neste steg i faget før han mestrar det han held på med.

Det var ein så overbevisande tankegang bak måten å undervise på, og eg fekk mange aha-opplevingar gjennom   kurset.   Eg vart veldig fasinert av pedagogikken, og etter meir eg arbeidde med stoffet, vart eg meir og meir interessert. «After all these years»   i det gamle velkjende, så var det også ein veldig inspirasjon og eit «kick»å få lære noko nytt. Så eg bestemte meg for å fullføre kurset, som gjekk ut på å lage arbeidspermar i dei ulike faga med bilete og beskrivelse av alle emna i faga for aldersgruppa 6 -9 år,   samt å lage eit utval av undervisningsmateriell i faga. Det var   mykje arbeid, men det var  inspirerande å halde på med. Viss ikkje, hadde eg ikkje orka å halde fram. Eg hadde også eit svært godt samarbeid med lærarar frå Midsund Montessoriskule, Grytastranda skule og Vike Montessoriskule i prosessen fram til eksamen i haustferien.

 

På kurset møtte eg folk frå heile landet. Fleirtalet av dei kom frå stadar der det var oppretta montessoriskule, eller der dei skulle starte skule på grunn av at den offentlege skulen var nedlagd. Det var veldig interessant og kjekt å møte menneska og høyre kor engasjerte dei var for skulen sin. Eg spurde ein del av dei som hadde vore lærarar i den offentlege skulen, korleis dei likte å undervise i montessoriskule i høve til den offentlege. - Mykje betre, var svaret. Noko anna var ikkje å vente heller, viss ikkje, så hadde dei ikkje vore der. Men dei var overbeviste om at Montessoripedagogikken var eit godt alternativ!

 

Det er hardt arbeidande lærarar som brenn for skulen og pedagogikken.

Når det gjeld den store fridomen som ein meiner at elevane i montessoriskulen har, så er det ei sanning med modifikasjonar. Det vil føre for langt å forklare fridomsbegrepet i montessori-pedagogikken her, men det er eit sentralt begrep i pedagogikken, som inneber noko anna og mykje meir enn det å la elevane få gjere akkurat som dei vil.

 

Til sommaren er det nytt kurs igjen, no med m.a.   matematikk. Det gler eg meg til. Eg veit at i dette faget har montessoripedagogikken mykje godt materiell som gjer innlæringa meir praktisk for elevane.

 

Etter det innblikket eg har fått i montessoripedagogikken så langt, trur eg at med ein privatskule med montessoripedagogikk i Velledalen, vil skulen i Sykkylven få eit godt, alternativt og spennande tilbod i tillegg til den offentlege skulen.

 

 

Kari Hjorthol

Ps.

Det er kjekkare og lettare å arbeide med stoffet etterpå når ein er fleire om det.

 

Kampen om lokalskulen vår

                                                                                                                                                

 

Høyringsuttale frå FAU og SU ved Velledalen skule (ved leiar Aina Holmberg) i høve høyring om skulestrukturen i Sykkylven kommune. Her

 

Høyringsuttalen frå VIB her

 

Høyringsuttalen frå Velledalen Naturbarnehage her

_________________________________________________________________________________________

 

Våren 2010 vedtok Sykkylven kommunestyre at Velledalen skule skulle nedleggast frå hausten 2012, og at elevane i Velledalen skulle overflyttast til Tandstad skule.

Velledalen Privatskule AS har søkt direktoratet om godkjenning for å få etablere privat Montessoriskule, og fekk denne innvilga i desember 2010.  

 Skulen vil bli ein del av eit Montessorisenter med barnehage, skule og SFO. 

Oppstart er planlagt til hausten 2012.

 

MONTESSORILÆRAR?

 

Kan du tenkje deg å bli Montessorilærar / assistent ?

Ta kontakt med Kontakt: Kristin Grebstad (Rektor): 91522451

Epost: rektor@velledalenmontessoriskule.no

Adresse:

Vallavegen 241

6220 Straumgjerde

 

Velledalen - der folk trivst er alt muleg

www.velledalen.net

 

Montessoripedagogikk.

Høgskulen i Vestfold

I Noreg finst det Montessoriutdanning på to stader.

Høgskulen i Vestfold.


Det eine er studiet på Høgskulen i Vestfold og dette er ei vidareutdanning som krev at du er allmennlærar eller førskulelærar i botnen. Dette er det einaste formelt godkjende studiet og som gjev studiepoeng.

Studiet er utabeida i tett samarbeid mellom Høgskulen i Vestfold og Norsk Montessoriforbund.

Studiestaden er i Larvik og studiet består av fire modular, som går over fire semester. Dette gjev 60 studiepoeng.

Kvar modul består av ein teoridel og ein praktiskdel,som er opplæring i bruk av Montessorimateriell. Studiet har 16 samlingar på 5-6 dagar, med fem samlingar i vårhalvåret og tre samlingar i hausthalvåret.

Studiet er fullfinansiert av Kunnskapsdep, men studenten må betale utlegg til materiell. det utgjer ca. 3000 kroner.

http://www.hive.no/studietilbud/pedagogiske-fag/montessoripedagogikk21338-3705.html

 

Waterparkutdanninga

I Noreg er det Montessoriutdanning på to stadar. Det er på Oslo Montessoriskole i Oslo, og på høgskulen i Vestfold

Sistnemnde har den einaste utdanninga som førebels er godkjend som kompetansegjevande (60 Stp.) 

Denne utdanninga går over to år, og er basert på nettstudiar og samlingar. 

Sjå nettsidene til Norsk Montessoriforbund, utdanning.

Så er det noko som heiter Waterpark Montessori. 

Det er også eit studium som går over minst eitt år. Studiet er delt opp i modular, der to modular gir utdanning for ei aldersgruppe i montessoripedagogikk. Der er tre aldersgrupper : 3 -6 år, 6 -9 år og 9 -12 år. Dette studiet er delt i tre delar: praktisk modul, teori og praksis. Teoristudiet begynner i november. Det er nettbasert. Ein kan ta teorien over eitt eller to år. Teorien skal vere ferdig i mai/juni. I juni, rett etter skuleslutt, begynner "workshop", som er eit pratisk kurs i montessoripedagogikk. Kurset varer i 10 dager, og det held til på Oslo Montessoriskole. Så er det tre nye dagar i oktober, med eksamen den 4. dagen. Mellom sommarkurset og haustkurset er det oppgåver som skal gjerast, mykje praktiske oppgåver, mellom anna laging av materiell. To sommarkurs (modul A og modul B) + teori + 3 praksisperiodar i Montessoriskular gir ein utdanning i ei av aldersgruppene, enten 3 -6 (barnehage, 6 -9, eller 9 -12, alt etter kva ein vel. Dersom ein skal ha dekning på heile barneskulen, må ein ta fire sommarkurs.

Gå inn på waterparkmontessori.com og les meir.