Gruppe 3 er 6. og 7. klasse på skulen, gruppa er på totalt 13 elevar i skuleåret 2012/13.

Siste nyhende for Gruppe 3

  • Brannkurs for 6. & 7. klasse lagt inn for 2 minutter siden av Torje BendikGjermund frå Sykkylven Brannvesen kom til skulen å hadde brannkurs for elevane i 6. og 7. klasse. Dei fekk fyrst ei teoretisk økt om branntryggleik, før dei etterpå fekk prøve sløkking av brann i praksis. Dette var særs spanande for elevane. Som forelder kan ein nok pårekne at elevane kjem til å utføre ein aldri så liten branntryggleiks kontroll i heimen dei næraste dagane.For fleire bileter, sjå i albumen under
    Lagt inn 6. juni 2014, 05:39 av Admin Administrator
  • Leirskule på Gjermundnes Det var god stemning når 6. og 7. klasse reiste på leirskule til Gjermundnes. Mange intrykk, delvis seine kveldar, mykje moro og snop. Leirskulen hadde eit lærerikt opplegg for elevane og det var også kjekt for elevane å sosialisere seg med Hundeidvik kristne privatskule.(Ein må logge inn via skulekonto for å få sjå bileta.)
    Lagt inn 22. mai 2014, 04:48 av Admin Administrator
  • Øvinga til årets julespel er i full gong Det er ikkje småtteri når eit julespel skal øvast inn, her er det 45 roller, songar og replikkar som skal puggast og samkøyrast. I albumet under vil dykk kunne sjå glimt frå øvingar fram mot den store finalen, nemleg sjølvaste julefesten.
    Lagt inn 25. nov. 2013, 09:31 av Admin Administrator
  • Elevane laga flotte og informative soppbøker Soppbøkene inneheld grunninformasjon om ulike soppar i vår fauna og elevane har stått for heile jobben med bøkene.
    Lagt inn 24. sep. 2013, 23:44 av Admin Administrator
  • Prosjekt i Natur & Miljø Elevane i gruppe 2 har byrja på eit prosjekt om hausting i samband med hausten.Her skal elevane finne ut kva naturen kan by på og korleis ein kan gjere seg nytte av det ein finn.Tysdag 27. aug. var elevane ute å leita etter mat i skogen.Noko av det dei fann var, steinsopp, kantarell og brunskrubb, til bjørnebær, bringebær, rogn og gauksyreblad og nøter.Dei skal også lære om kva som kan vere giftig for dyr og menneskje ute i naturen
    Lagt inn 15. okt. 2013, 14:23 av Admin Administrator
Viser innlegg 1 - 5 av 13. Vis mer »

Du må være logget på for å kunne legge til programsnutter som bare du kan se