Gruppe 2-2

INFORMASJON TIL HEIMEN

lagt inn 6. feb. 2013, 06:16 av Torje Bendik   [ oppdatert 11. apr. 2013, 03:53 av Admin Administrator ]

                                                                                                                
INFORMASJON TIL HEIMEN   
30.01.2013
Vi hadde ein vellukka dag på isen sist veke, det var tydelig at elevane sette pris på slik aktivitet. Det er stort sjukefråver i gruppe 2 og 3 denne veka, i dag ligg det på 50 % fråver so vi håper at det vert betre neste veke.

Ekornes-cup 9.februar
Vi har meldt på to lag og når vi får meir detaljert informasjon vert dette sendt ut til dei som er påmelde.

Vinterferien
Vi gir tilbod om eit utvida tilbod måndag, tysdag og onsdag på SFO denne veka. Elevane har fått med skriv heim om dette, og fristen for å melde seg på er 8.februar. Håper desse dagane kan vere eit godt alternativ for dei eldste elevane også. Det er reduksjon i prisen for syskjen, det hadde ikkje kome med på infoskrivet.
Torsdag og fredag vert det vanleg SFO-tilbod med eiga påmelding. Minimum 4 elevar for å halde ope.

Karneval
Siste dag før vinterferien avsluttar vi med karneval frå 12.30 – 14.30. Elevane vert oppmoda om å vere kreative å finne kostymer heime, det er ikkje meininga at ein skal kjøpe nye kostymer.

Mat og søvn
Vi ser ein del elevar som er trøyte for tida og nokre som ikkje har ete frukost. Dette svekkar evna til læring og er noko som heimane må ta ansvar for. Det kan vere greitt å ta ein prat heime om dette.

Søknadsfristar
Fristen for å søke skuleplass er 1.mars, dei elvane som allereie går på skulen skal ikkje søke for neste skuleår. For SFO er søknadsfristen 1.april og her skal alle søke for kvart år. Søknadsskjema til SFO vert sendt med elevane heim når det nærmar seg.

Studiedag
Fredag 1. mars vert det studiedag for både skulen og SFO. Denne dagen skal dei tilsette ha felles studiedag her i Velledalen saman med andre montessoriskular i fylket.

PLANAR FRAMOVER
7.februar:Open skule for foreldra i gruppe 1 ( eige skriv om dette)
15.februar: Karneval siste del av dagen for heile skulen.
Veke 8 ( 18.-22.februar):Vinterferie
1.mars: Studiedag både for skule og SFO
Veke 12: Kontaktmøter


 Kristin Grebstad                          

Rektor:  91522451 ( NB , nytt rektornummer )                                  
Lærarrom: 41233049
SFO :  41233039
    

4. og 5. klasse

lagt inn 1. feb. 2013, 03:41 av Admin Administrator   [ oppdatert 6. feb. 2013, 06:16 ]


1-2 of 2