Sider under revisjon >
Gruppe 2
Brannkurs for 6. & 7. klasse
lagt inn for 2 minutter siden av Torje Bendik
|
Leirskule på Gjermundnes
Det var god stemning når 6. og 7. klasse reiste på leirskule til Gjermundnes. Mange intrykk, delvis seine kveldar, mykje moro og snop. Leirskulen hadde eit lærerikt opplegg for elevane og det var også kjekt for elevane å sosialisere seg med Hundeidvik kristne privatskule. (Ein må logge inn via skulekonto for å få sjå bileta.) |
Øvinga til årets julespel er i full gong
Det er ikkje småtteri når eit julespel skal øvast inn, her er det 45 roller, songar og replikkar som skal puggast og samkøyrast. I albumet under vil dykk kunne sjå glimt frå øvingar fram mot den store finalen, nemleg sjølvaste julefesten. |
Prosjekt i Natur & Miljø
Elevane i gruppe 2 har byrja på eit prosjekt om hausting i samband med hausten. Her skal elevane finne ut kva naturen kan by på og korleis ein kan gjere seg nytte av det ein finn. Tysdag 27. aug. var elevane ute å leita etter mat i skogen. Noko av det dei fann var, steinsopp, kantarell og brunskrubb, til bjørnebær, bringebær, rogn og gauksyreblad og nøter. Dei skal også lære om kva som kan vere giftig for dyr og menneskje ute i naturen |
Det spirar å gror!
Elevane sår frø å jobbar med å kultivere fram plantar i naturfagsprosjektet "Matvekstar 2013". Her får elevane lære om kva plantar som er etande og korleis ein skal dyrke dei fram, dei får også i oppgåve å skrive faktaopplysningar om plantane, berekne gjødsling og mengd med vatning. Kvar plante vert nøye fulgt opp og det vert metodisk måla veksthastigheit, som plottast inn i vekstkurver og diagram etterkvart. Elevane må også loggføre inn i eige skjema, korleis kultiveringa har blitt utførd veke for veke. |
1-10 of 13