Torsdag kveld var det open skuledag for gruppe 1.
Foreldra vart invitert av borna sine i 1.- 2. og 3. klasse, som fekk høve til å vise kva dei har lært den siste tida på skulen. Det var mange elevar som var spente i forkant av kvelden og gleda seg stort til å vise foreldra sine kva dei held på med i skulekvardagen sin. Engasjementet var stort og foreldre vart både stolt og imponert over kva borna har lært seg fram til no. Gruppe 1 Open skule Feb.2013 |