Sider under revisjon >
Gruppe 1
Symjeundervisning i gruppe 1- 2014
Symjeundervisning i gruppe 1- 2014 Vi startar opp att med symjeundervisninga for siste halvdelen av skuleåret Måndag den 13. Januar. Symjetimane vert lagt til Måndagar som tidlegare Undervisninga vil verte delt inn i 4 vekers bolkar. 1. og 2. klasse: veke 03 til og med veke 06 3. og 4. klasse: veke 07 til og med veke 11 (veke 8 er vinterferie) 1. og 2. klasse: veke 12 til og med veke 15 3. og 4. klasse: veke 16 til og med veke 20 Med atterhald om opningtider i symjehallen, så vil det kanskje verte justeringar i høve slutten av symjeundervisningsperioden. Ny plan vil då verte levert ut i forkant av endringar. Hugs at alle skal ha med badehette! Mvh Torje |
Øvinga til årets julespel er i full gong
Det er ikkje småtteri når eit julespel skal øvast inn, her er det 45 roller, songar og replikkar som skal puggast og samkøyrast. I albumet under vil dykk kunne sjå glimt frå øvingar fram mot den store finalen, nemleg sjølvaste julefesten. |
Uteskulen på aketur
Uteskulen er ikkje seine med å nytte høvet når snøven var brukande til litt fart og moro. Bileta kan dykk sjå under her: |
Open skule torsdag kveld
INFORMASJON TIL HEIMEN
INFORMASJON TIL HEIMEN 30.01.2013 Vi hadde ein vellukka dag på isen sist veke, det var tydelig at elevane sette pris på slik aktivitet. Det er stort sjukefråver i gruppe 2 og 3 denne veka, i dag ligg det på 50 % fråver so vi håper at det vert betre neste veke. Ekornes-cup 9.februar Vi har meldt på to lag og når vi får meir detaljert informasjon vert dette sendt ut til dei som er påmelde. Vinterferien Vi gir tilbod om eit utvida tilbod måndag, tysdag og onsdag på SFO denne veka. Elevane har fått med skriv heim om dette, og fristen for å melde seg på er 8.februar. Håper desse dagane kan vere eit godt alternativ for dei eldste elevane også. Det er reduksjon i prisen for syskjen, det hadde ikkje kome med på infoskrivet. Torsdag og fredag vert det vanleg SFO-tilbod med eiga påmelding. Minimum 4 elevar for å halde ope. Karneval Siste dag før vinterferien avsluttar vi med karneval frå 12.30 – 14.30. Elevane vert oppmoda om å vere kreative å finne kostymer heime, det er ikkje meininga at ein skal kjøpe nye kostymer. Mat og søvn Vi ser ein del elevar som er trøyte for tida og nokre som ikkje har ete frukost. Dette svekkar evna til læring og er noko som heimane må ta ansvar for. Det kan vere greitt å ta ein prat heime om dette. Søknadsfristar Fristen for å søke skuleplass er 1.mars, dei elvane som allereie går på skulen skal ikkje søke for neste skuleår. For SFO er søknadsfristen 1.april og her skal alle søke for kvart år. Søknadsskjema til SFO vert sendt med elevane heim når det nærmar seg. Studiedag Fredag 1. mars vert det studiedag for både skulen og SFO. Denne dagen skal dei tilsette ha felles studiedag her i Velledalen saman med andre montessoriskular i fylket. PLANAR FRAMOVER 7.februar:Open skule for foreldra i gruppe 1 ( eige skriv om dette) 15.februar: Karneval siste del av dagen for heile skulen. Veke 8 ( 18.-22.februar):Vinterferie 1.mars: Studiedag både for skule og SFO Veke 12: Kontaktmøter Kristin Grebstad Rektor: 91522451 ( NB , nytt rektornummer ) Lærarrom: 41233049 SFO : 41233039 |
1-7 of 7