Hjelp til å bruke databasen


Databasen er lagra i nettskya, noko som inneber forenkling av måten ein kan dele, samarbeide og lagre ting.

Det er viktig at ein set seg litt inn i korleis databasen fungerar, slik at struktur og dokument/filer ikkje vert sletta/endra unødig, eller flytta frå der dei høyrar heime.
Heldigvis er dette eit enkelt system å få til og mange kjennar seg kanskje att viss dei allereie er brukarar av gmail og andre av google sine nettskytenester.

Ein kan lagre alle typar filer inne på databasen, alt frå film og mp3, til worddokument og PDF. (Open Office dokument bør lagrast i formatet .doc for å gjere ting litt enklare.)
Ein kan også opprette dokument i google format og jobbe med desse online.

Greit å vete, er at databasen har ein visningsmodus, som kan gjer at somme dokument ikkje ser likedan ut som då dykk t.d laga dei i eit Word eller Open Office dokument.
Men, viss ein då trykkar på nedlastningsknappen og lasta ned fila til din eigen pc vil dette opne seg i t.d word eller openoffice (avhengig av kva dykk brukar på pc,en dykkar). Då vil fila vere i orden igjen og alle bileter osv vil ligge på rett plass.
Grunnen til dette er at databasen kan vise dokument på tvers av kva skriveplattform den er laga og lagra i. (t.d Ms Word, Open Office, PDF osv)

Viss ein har ein pc eller filer som ein kunnne tenkje seg å legge inn i databasen, treng ein ikkje å kopiere det over på eit anna medium fyrst.
Ein berre går på nett, loggar seg inn på velledalenmontessoriskule.no, klikkar på "montessorimateriell" fana, klikkar på "opne disk" og trykkar på last opp mappe eller fil knappen (raud pil som peikar oppover på vestresida av skjermbiletet) eller berre dra dokumentet frå pc, en og rett inn i den mappa det høyrer heime i. 
Då kan ein velje frå det mediumet ein jobbar på (pc, nettbrett, telefon m.m) å laste opp det ein vil. 
Det er altså ikkje nødvendig å jobbe frå din eigen pc, det kan vere "kvensomhelst" si maskin.


(Hugs at ein må få ein brukarkonto frå oss før ein kan nytte databasen, den er gratis og det er berre å ta kontakt for å få ein konto)



(Sjå under for ytterlegare forklaring viss ein treng, gjer ein ein feil så rettar eg det opp etterpå, berre prøv dykk litt fram!)
Comments