Om skulen‎ > ‎

Søknad og inntak til skuleåret 2019/2020


Søknadsskjema til skulen og SFO ligg som dokument under teksten. Inntaket blir gjort i samsvar med inntaksreglementet nedanfor.

Inntaksreglement for Velledalen Montessoriskule AS

§1 Inntaksreglement

Inntak av elevar til Velledalen Montessoriskule AS skal skje i samsvar med friskulelova og inntaksreglar fastsett av styret.


§2 Inntaksområde

Velledalen Montessoriskule AS skal ha heile landet som inntaksområde (jmf. friskulelova §3-1, og opplæringslova §§2-1 tredje ledd og 3-1 første ledd).


§3 Elevinntak

Skulen skal ta inn elevar i høve skulen sin kapasitet. Skulen har 60 elevplassar. Ved kapasitetsproblem ved skulen skal ein prioritere inntak av elevar etter fylgjande kriterium:

1. Born som bur i Velledalen

2. Born som har sysken på skulen

3. Born av tilsette

4. Born som skal ta til i 1. klasse

5. Born som har gått på Velledalen Naturbarnehage SA

6. Born som tidlegare har vore elevar ved ein montessoriskule

7. Born av styremedlemmar

8. Søkjarar som stiller likt etter prioriteringane på punkt 1-7 vert prioriterte etter lågaste klassetrinn og deretter vert det loddtrekning.

Born med spesielle behov har same rett som andre til plass i skulen.

Hovudopptaket skal kvart år vere 1. februar. Fell 1. februar på heilagdag er søknadsfristen første kvardag deretter. Opptak til komande skuleår kan skje i perioden 01.02 – 30.09 så lenge det er ledige elevplassar. Frå og med 01.10 tek ikkje skulen inn nye elevar. Unntak for dette gjeld for elevar som kjem inn under pnkt. 1 i § 3 Elevinntak, dei kan få elevplass heile året så lenge det er ledig kapasitet.

Det er ynskjeleg at føresette som søkjer borna sine inn på skulen, viser interesse og forståing for montessoripedagogikken, og vil delta på kurs i pedagogikken sine prinsipp.

§4 Kunngjering om inntak av elevar.

Kunngjering om inntak av elevar vert gjort kvart år i desember. Dette skal skje ved kunngjering i lokalavisa og på skulen si heimeside. Kunngjeringa skal gje naudsynte opplysningar om søknadsfristar, og ei kort utgreiing om dei kriteria som er omtala i §3 i inntaksreglementet

§5 Handsaming av søknader og melding om inntak.

Skulen sin daglege leiar avgjer i samsvar med reglementet kva elevar som skal takast inn ved skulen. Handsaming og vedtak av søknadene skal gjerast i samsvar med forvaltningslova. Det skal utarbeidast ei skriftleg innstilling om elevinntak. Endeleg inntak skal gjerast på grunnlag av denne innstillinga. Melding om vedtak skal ein gi innan 6 veker etter at søknadsfristen er gått ut.

Alle søkjarar skal ha skriftleg svar på søknadane sine. Melding om inntak skal også sendast til eleven sin heimstadkommune.

Det er høve til å klage på skulen sitt vedtak om inntak, jmf. friskulelova § 3-1 sjette ledd. Ei klage skal sendast skriftleg til skulen. Endeleg klageinstans er Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

§6 Prioritert venteliste.

Det skal kvart år leggjast fram ei prioritert venteliste. Den skal nyttast ved elevinntak dersom det skulle bli ledigplass.

§7 Endring av inntaksreglement.

Dette inntaksreglementet kan endrast av skulestyret innanfor dei til ei kvar tid gjeldande reglar i friskulelova og skulen sine vedtekter.


Inntaksreglementet vart vedteke av skulestyret 04.12.2018
ĉ
Admin Administrator,
6. des. 2018, 13:04
ĉ
Admin Administrator,
6. des. 2018, 13:04
Comments