Om skulen‎ > ‎

Bygg og renovering

Framtidig bruk av det gamle skulebygget (22. August. 2011)

lagt inn 4. feb. 2013, 01:41 av Admin Administrator



Sjølv om kommunen har ikkje gjort endeleg nedleggingsvedtak når det gjeld Velledalen skule, så arbeider ein no med planane for oppstart av privat montessoriskule til hausten 2012.
Styret for Velledalen Montessoriskule AS har nedsett ei nemd som skal avklare situasjonen når det gjeld skulebygg. Nemda har sendt brev til kommunen og bede om eit avklaringsmøte. I brevet skriv nemda at ein har to alternativ, anten å overta og ruste opp Velledalen skule eller å satse på bygging av ny skule. Nemda har bede om at møtet vert halde innan utgangen av august.
Publisert: Måndag 22. August 2011 Kl. 10:06

Arbeidet på det nye påbygget i gong! (07.11.2012)

lagt inn 4. feb. 2013, 01:13 av Admin Administrator   [ oppdatert 4. feb. 2013, 01:42 ]


Støyping i dag






Bygginga av nyedelen på skulen i Velledalen er godt i gang, og både små og store på skulen synst det er kjekt at no endelig skjer det. Hole maskiner har grunnarbeidet på tomta, og dei gjorde tomta klar i løpet av helga slik at HT bygg kunne forskale, og i dag var det klart for støyping.








Spennande for elevane å fylgje med på det som skjer.








HT-bygg i arbeid med å forskale

1-2 of 2