Vi har fått svar frå Utdanningsdirektoratet om at vi har fått godkjent søknaden vår om deltaking i den nasjonale vidareføringa av satsinga "Vurdering for læring" - pulje 6. Dette vil gi eit stort løft i arbeidet med satsing på forbedring av vurdering i skulekvardagen vår. Prosjektet gir Velledalen Montessoriskule grunnlag til å satse ekstra på å utvikle seg i vurderingsarbeidet. Særleg med vekt på vurderinga på elevnivå, mellom elev og lærar og mellom lærar og heimen. Skulen vil få 100 000,- i tilskot gjennom ordninga, og set sjølve også av midlar slik at ein får moglegheiten til samlingar i Oslo, kurs og etterutdanningstilbod lokalt. I søknaden er det lagt opp til samarbeid med særlig Kjølsdalen Montessoriskule Dette vert spennande, krevjande og heilt sikkert veldig nyttig og vil føre til kompetanseheving på dette området. Arbeidet med dette vil føregå i perioden 2015 - 2017, |
Nyheiter >