Magnhild Vatne er ein dyktig formidlar. Elevane i gruppe 2 var sist veke på besøk på Norsk Møbelfaglig Senter på Aure der dei fekk dei vere med på eit nytt formidlingsopplegg med designverkstad. Utstilling er kalla Ver så god, sitt! Her tek dei utgangspunkt i 30 norske møbelklassikarar som dei har i si nye utstilling. Kva er det som har gjort desse møblane til ”klassikarar”? Dei ser på nokre av desse – form, farge og design som har funne nye og vellukka løysingar på utfordringar innan produksjon. I utstillinga har dei 50 klassiske miniatyrar av internasjonale designmøblar gjennom hundre år. Dette er design som også har påverka norsk møbeldesign gjennom tidene. Elevane fekk også høyre om modellar som var laga i Velledalen den tida her var mange møbelfabrikkar. Mellom anna fekk dei høyre om Flamingo-stolen til Jon Hjortdal. Elevane skulle finne inspirasjon i miniatyrane, og prøve seg på nyskaping, lage ein stolmodell ved hjelp av piperensarar/streng, papp/papir, lim m.m. Verkstaden vart avslutta med ei lita utstilling. Modellane elevane laga fekk dei ta med heim etterpå. |
Nyheiter >