Fylkesmannen i Møre og Romsdal arrangerte sist veke fag og rekrutteringsdag ved Høgskulen i Volda. Dagen var todelt med ein fagdel og ein messedel. Det er eit stort behov for lærarar og barnehagelærarar og mange av kommunane i fylket nytta høve til å kome i kontakt med framtidige arbeidssøkjarar. Både Ålesund kommune og Ulstein kommune som vi snakka med var heilt klare på at dette var ein viktig arena for å knyte kontakter. Frå Sykkylven kommune var det berre Velledalen Montessoriskule som var representert. Unni og Kristin var skulen sine representantar i Volda og vi ser på det som svært viktig å kome i kontakt med studentar for å informere dei om kva vi kan tilby og kva vi legg vekt på når vi skal tilsette folk. Det er også ein viktig del av omdømebygginga til skulen. Det var mange som ville vite meir om montessoripedagogikken, og fleire kunne tenke seg å ha praksis eller besøksdagar på skulen vår. Dette var ein kjekk dag og ein svært viktig dag. |
Nyheiter >