Nyheiter‎ > ‎

Tur til Fetvatnet

lagt inn 26. aug. 2013, 23:30 av Ukjent bruker   [ oppdatert 26. aug. 2013, 23:55 ]

Fredag gjekk heile skulen "dalaråsa" ned til Fetvatnet for å ha ein sosial samankomst i samband med starten på eit nytt skuleår. 
Vergudane viste miskunn denne dagen og skilta med både solskin og fine temperaturar.
Endåtil i vatnet var der fleire elevar som hardnakka meinte at det var "triveleg varmt", difor bada dei både lenge og vel. 
Bål vart tend opp og dufta av grilla mat låg over vassflata, medan pølser og anna god mat vart konsumert.
Vegen var kortreist til leik og moro, då vatn i kombinasjon med ongar gjev flott stimulans.

Tur til fetvatnet 23.08.2013





Takk for turen og ein flott dag!

Comments