Nyheiter‎ > ‎

Tur til Ålesund

lagt inn 25. juni 2014, 14:08 av Kristin Grebstad   [ oppdatert 30. juni 2014, 06:41 ]

Vi på Velledalen Montessoriskule vil gjerne reise for å sjå og lære nye ting. Då vi vann premie i " Skrik-prosjektet " bestemte vi oss for å bruke pengepremien til ein Ålesundstur. Tysdag 17.juni reiste heile skulen til Ålesund for å bli bedre kjend med byen vår. Første stopp var Ålesund Museum der vi fekk lære meir om bybrannen i 1904 og vi fekk også kome inn i Brudeegget. Det var kjekt å kome inn i det å sjå korleis det såg ut , men det var ingen av oss som kunne tenkt seg å vere der ei veke og i alle fall ikkje i fleire månadar slik Ole Brude var. Etterpå gjekk vi alle trapptrinna opp til Fjellstua og fekk sjå utover heile Ålesund. Der oppe oppdaga vi Kongeskipet som var på veg inn til byen, og vi la turen bort til det når vi kom nedatt. Det var ein kjekk dag i byen og vi lærte mykje denne dagen!





Comments