Det er for tida ein del spørsmål om vi har ledige elevplassar. Då vi starta opp hausten 2012 fekk vi godkjenning for 50 elevar , sidan den tid har styret fylgt godt med i timen og søkt Utdanningsdirektoratet om utviding til 60 elevplassar, noko som vart innvilga i 2015. Vi har pr i dag ti elevar som skal starte i 1.klasse til hausten, og der er 52 elevar som skal ha opplæring hos oss neste skuleår. Vi har difor framleis nokre ledige plassar så dersom du vurderar vår skule til din elev er det berre å ta kontakt på rektor@velledalenmontessoriskule.no eller på 91522451 for ein prat. |
Nyheiter >