Onsdag hadde skulen eksklusivt besøk av The Margarets frå Giske. Dette er eit av tilboda som skulen har gjennom Kultursekken i regi av Møre og Romsdal fylkeskommune. Låtane som blei spelt på konserten var henta frå produksjonen til The Margarets og cd'ane "What kept you", "Twenty years erased" og "Look for love". Det er Rune Berg, Rudi Myntevik og Ronnie M.A.G Larsen som er ute på turne med musikken til The Margarets. Elevane fekk høyre historia bak oppstarten av gruppa og dei lærte at noko som er svært viktig for å sjekke damer er å kunne spele gitar! Tre av elevane fekk måle eit bilete til musikken deira og dette fekk skulen som minne om konserten. |
Nyheiter >