Søknadsfrist for skuleåret 2014 / 2015 er 1.februar. Elevar som allereie har plass ved skulen treng ikkje søkje på nytt, dei har plassen til dei går ut 7.klasse. Skulen er godkjend for 50 elevar og pr.1. januar har vi 45 elevar. Torsdag 16.januar kl.20.00 vert det informasjonsmøte for nye søkjarar og for andre som ynskjer å vite meir om skulen og pedagogikken. Vi vil mellom anna fortelje om førskuleopplegget vårt som går over ti veker, der borna får vere på skulen ei økt kvar veke. Vi trur at på denne måten får elevane ein lettare overgang til skulen.Velkomen!
Søknadsfrist for SFO er 1.april og der må alle søkje for kvart år. |