Nyheiter‎ > ‎

Skulestart i "ny skule"

lagt inn 21. aug. 2013, 06:05 av Ukjent bruker
Velledalen Montessoriskule
Velledalen Montessoriskule


Etter eit år med skule i Velledalen grendahus kunne elevar og tilsette ta i bruk "nye-skulen" sin. Det var 42 spente elevar som møtte til skulestart, og alle sette stor pris på å få ta i bruk nye,flotte lokaler.
Skulen har fått eit tilbygg på 250 kvadratmeter over to etasjar og i tillegg er det gamle skulebygget oppgradert og rehabilitert slik at skulen i dag står fram som eit moderne skulebygg. Ein formidabel innsats har vore lagt ned av folket i dalen for å oppgradere den nedslitne skulen som Montessoriskulen kjøpte av Sykkylven kommune.

Dagen starta med gratis frukost for elvane og dei som møtte fram kosa seg med fellesmåltidet på det nye skulekjøkkenet og dette vert fast kvar morgon no framover.


Alle elevane vart tatt i mot av rektor og dei tilsette, og i opningstalen vart spesielt dei tre nye førsteklassingane helst velkomne. 
Det nye bygget vart sjølvsagt omtala. I år er det nøyaktig 50 år sidan Velledalen skule var opna og elevane i dag fekk vere med på ei historisk hending når dei no fekk ta i bruk det nye bygget. På omvisninga ga elevane uttrykk for at det var veldig fint og at skulen hadde blitt stor.


Kristian, Sophia og Maria er dei nye førsteklassingane og her er dei plassert i ein sofa som L.K Hjelle har gitt i gåve til skulen.

Samling i gruppe 1.


Desse to stolane fekk Velledalen skule i gåve med Velledalen møbler under opninga i 1963, no har dei fått nytt stoff og er plassert på rektor sitt kontor.


Elevane sette stor pris på at leikarhytta no er flytta frå grusbana og opp i " skule-skogen".



Odd Kåre Fet har vore byggeleiar for skulen og har følgt arbeidet med bygging/ombygging nøye frå fyrste dag og til siste slutt.  Her gratulerer han rektor Kristin Grebstad med den nye skulen på fyrste skuledag.
Comments