Nyheiter‎ > ‎

Skulen gjekk natursti

lagt inn 4. juni 2013, 23:26 av Ukjent bruker   [ oppdatert 4. juni 2013, 23:29 ]


I dag var det klart for årets natursti for elevane på skulen, og turen i år gjekk frå Lade og opp på stølen på Myrdalen.
Elevane var delt inn i grupper, og vart sendt ut frå start med godt mellomrom mellom kvar gruppe.
På veg opp på stølen skulle dei innom ti postar med ulike oppgåver og her fekk elevane mellom anna testa kunnskapen sin både på blomar, fisk og fjell. Det var og ei oppgåve i ei jakthytte der dei skulle bruke kikkert for å finne kva som ikkje høyrde heime i naturen.

Gruppe 1 får vist kva dei kan om fjell.


Oppe på stølen var det tid for grilling, leik og sjølvsagt måtte nokon teste kor varmt vatnet i elva var.


Ein kjekk dag der ein fekk vist og testa kunnskapen sin ute i naturen saman med alle elevane på skulen.






Natursti 2013












































Comments