I høve Brannvernveka og Nasjonal brannøving vil skulen gjennomføre ei varsla brannøving tysdag 16.september. Vi vil også ha ei uvarsla øving veka etterpå. Brannøving og brannfare kan vere eit litt skummelt tema for enkelte barn, og kanskje spennande for andre. Vi vil presisere at vi ikkje øver for å skremme, men for å verte tryggje på at både barn og vaksne kjenner brannrutinane godt. For oss som jobbar på skulen, er det viktig å bli drilla på kva vi skal gjere når brannalarmen går, slik at vi kan takle ein reell situasjon på best mogeleg måte. Vi oppmodar de som foreldre til å snakke med barna om temaet branntryggleik. Vi oppmodar også alle til å ha brannøving heime. Det er trass alt i heimen vi oppheld oss mest, det er i heimen brannfaren er størst, og det er i heimen at dei farligaste brannane oppstår. Gå inn på www.brannvernuka.no/nasjonal-brannovelse. Her finn de gode råd og tips om korleis de enkelt kan planleggje og gjennomføre ei brannøving heime. Sjølv ein samtale rundt middagsbordet om kva ein gjer i tilfelle brann, kan reknast som ei øving. Her kan de også gratis melde dykk på Nasjonal brannøving. Alle som registrerer seg og arrangerer ei brannøving i løpet av september 2014, vert med i trekninga om premiar til ein samla verdi av 50 000 kroner. Nasjonal brannøving er ei årleg landsomfattande massemønstring der barnehagar, skular, verksemder og familiar vert utfordra til å trene på brannrutinane. I fjor deltok over 600 000 personar i ei av fleire tusen brannøvingar landet rundt. Brannvernveka og Nasjonal brannøving vert arrangert av Norsk brannvernforening, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, If Skadeforsikring og brannvesen over heile landet. I tillegg til at det skal vere brannøvingar over heile landet, inviterer 350 brannstasjonar til open dag i uke 38. Sjekk her for å sjå kvar og kva tid det er opent: www.brannvernuka.no/apen-dag-pa-brannstasjonen. Helsing frå skulen |
Nyheiter >