Nyheiter‎ > ‎

Skidag onsdag 18.mars

lagt inn 17. mars 2015, 07:49 av Kristin Grebstad   [ oppdatert 17. mars 2015, 07:49 ]

Det er nesten så vi ikkje kan fare frå kyllingane våre J , men onsdag 18.mars reiser vi på fjellet på skidag. Elevane møter på skulen til vanleg tid, og vi reiser med buss frå skulen ca 09.15. Vi går frå parkeringsplassen ved skitrekket og vil ha «base» på flata bortom parkeringsplassen. Vi ber om at dei som kan hentar elevane på fjellet kl.14.00.

Elevane må ha med skiutstyr til langrenn, sitjeunderlag, god matpakke og varm ( ? ) drikke, ei vedaskie til bålet, grillmat for dei som vil grille og ein sjokolade er lov.

Elevane må vere godt kledde, og husk solbriller og solkrem.

Dersom nokon av foreldra vil vere med oss denne dagen set vi pris på det!

SFO er open som vanleg på ettermiddagen.

Comments