Det er to ting dei fleste tenkjer på når dei høyrer Brasil: fotball og karneval. Den veka det er karneval i Brasil, blir det spela samba i gatene, i store fargerike paradar. Det du kanskje ikkje visste, er at resten av året blir denne musikken som oftast spela på små kafear eller i intime konsertlokale. Kva kan skje når fire brasilianske musikarar dumpar ned på ein cafe i Noreg og møtar ein norsk servitør? Trur du at dei vil forstå kvarandre, og kva skjer med maten og musikken? I morgon kl.12.00 får vi svaret, då får vi besøk frå Kultursekken kl.12.00 på grendahuset |
Nyheiter >