Nyheiter‎ > ‎

Privatskular og kommuneøkonomi

lagt inn 26. jan. 2015, 14:59 av Kristin Grebstad

Sykkylven kommune har gjennom fleire år hevda at kommunen taper økonomisk på privatskulane, seinast i samband med handsaminga av 2015-budsjettet. Vi er ikkje samde i denne framstillinga. Våre tal viser at både kommunen og sykkylvssamfunnet tener på at det vart oppretta privatskular.  På denne bakgrunn tok vi initiativ til eit møte med kommuneleiinga for å drøfte saka. Vi er så langt ikkje einige om tal og utrekningar, men begge partar ser at reknestykket er komplekst og inneheld mange element. Vi har derfor avtalt vidare dialog, og vi har eit felles mål om å kome fram til ei oppfatning av situasjonen som vi kan semjast om.

 

Born og foreldre skal vere stolte av skulen og skulevalet sitt. Dette gjeld  enten skulen  er offentleg eller privat.  Eit negativt fokus utanfrå, enten det er økonomisk eller pedagogisk grunngitt, svekkjer denne kjensla. Vi oppmodar derfor alle som uttaler seg om skulane i Sykkylven om å basere påstandane sine på faktiske realitetar og ikkje på synsing eller spekulasjonar. Det handlar trass alt om eit svært viktig oppveksttilbod for borna våre.

 

Velledalen Montessoriskule er eit anerkjent pedagogisk og statleg godkjend alternativ til den offentlege skulen i Sykkylven. Skulen er eit resultat av skaparglede og bidreg til å utvikle skaparglede. Vi ønskjer alle hjerteleg velkommen til å besøke oss og gjere seg kjend med skulen vår. 

 

Jon Hjortdal

styreleiar

 

Comments