I samband med 200-årsjubileumet for Grunnlova inviterte ordførar Petter Lyshol alle 1.klassene i bygda på besøk på rådhuset. Torsdag 22.mai var det vår tur saman med 1.klasse frå Ullavik skule. Vi vart møtt av flott taffelmusikk av Knut Kjell Fure og snart dukka også ordføraren opp for å ynskje oss velkomne. Han fortalte mellom anna om besøket sitt på slottet nyleg der han hadde møtt både Kong Harald, Dronning Sonja og Kronprinsesse Mette Marit. Ingunn Hunnes fortalde "eventyret" om Grunnlova på ein flott måte som fenga både store og små. Vi sang også alle fire versa av " Det går eit festtog gjennom landet", og vi trur ordføraren vart imponert over at vi kunne alle versa så godt. Vi fekk vere med på ordføraren sitt kontor og vi fekk ei omvisning på rådhuset for å sjå korleis det såg ut der. Vi traff også nokre av dei som jobba der, mellom anna fekk vi helse på rådmannen. I kantina fekk vi lage våre eigne skulereglar som vi limte opp på ein plakat som vi fekk ta med heim. Vi fekk også bollar og saft før vi gjekk ned for å sjå på brannbilane. Eit flott opplegg som Petter og hans folk på rådhuset fortjener all mulig skryt for. Vi kjem gjerne igjen ein anna gong. |
Nyheiter >