Nyheiter‎ > ‎

Overnattingstur til Vellesætra for 4.- 5.- 6. & 7.klasse

lagt inn 18. juni 2013, 04:18 av Ukjent bruker   [ oppdatert 21. aug. 2013, 03:31 ]

Elevane i 4. til 7. klasse var på overnattingstur til Vallasætra 11-12 Juni. 
Elevane starta turen med førebuingar i forkant, her var det eindel som skulle ordnast og dei fekk både lære å pakke sekk, vite kva som er lurt med påkledning og kva utstyr dei trengde til turen. Dei fekk også å øve seg på å slå opp telt i forkant.

Sjølvaste turdagen starta i  strålande solskin å elevane vandra frå skulen og opp bakkane til Vallasætra, mange fekk seg då ein liten "aha"- oppleving, då det vart tungt med sekk som var pakka for overnatting.
Når elevane kom opp, vart det mat og tid for litt aktivitetar, mange bada i elva, å fekk kjølt seg kjapt ned i brevatnet. Etter ei ri, slo elevane opp telt å rigga seg til inne i dei.
Når det nerma seg tidleg kveld, vart grillbål fyrt opp og middagen vart innteken. Pølser, hamburgarar, kotelettar og anna grillmat dufta nydeleg over stølen.

Overnattingstur Vellesætra 11-12. Juni 13


På grunn av det flotte veret var det mange som satsa på overnatting under open himmel, noko som gjekk kjempeflott.
Dagen etterpå hadde elevane undervisning i flora/fauna, knutar og historie om stølen og stølslivet.
Elevane storkosa seg å vende nasen smilande heim, litt trøtte, ganske solbrende og veldig glade.

Takk for turen alle saman.


Comments