2013 er snart historie og eit nytt år ligg føre oss med alle dei moglegheiter det gir oss. Det har vore eit minnerikt år for Velledalen Montessoriskule. Første halvdel av året dreiv vi skule i grendahuset, samtidig med at vi renoverte og bygde på skulen vår med alle dei utfordringar det førte med seg. Dette var utfordringar som elevar, tilsette og føresette takla på ein framifrå måte. Spesielt må dei tilsette si innstilling og positive haldning trekkast fram her. Utfordringar dukka opp jamt og trutt, og dei vart løyst etter kvart. Vi leita heile tida etter løysingar på utfordringane og jammen fann vi dei også. Byggeprosessen var omfattande og mange skal ha takk for at den gjekk så bra. Byggeleiar Odd Kåre Fet har lagt ned eit utruleg stort arbeid dette året og innsatsen til Odd Kåre var heilt avgjerande for at vi har lukkast, både i forhold til tidsplan, resultat og ikkje minst økonomi. Ein Odd Kåre er det nok mange kommunar og bedrifter som gjerne skulle hatt når dei driv byggeprosjekt. Tusen takk Odd Kåre! Petter Velle som leiar i byggekomiteen har heile tida stilt på for å få eit best mogleg resultat og mange timar har gått med dette året til møteaktivitet og praktisk arbeid på skulen. Arkitekt Svein Skylstad har også lagt ned ein stor dugnadsinnsats , det same ha Benedikte Holmberg. Det å ha slike ressurspersonar på laget er viktig når ein skal nå måla ein har sett seg. Vi har hatt dyktige arbeidsfolk som har jobba med bygget, og dei har alle gjort sitt beste for at vi skulle få eit best mogleg resultat. Foreldra har hatt ei viktig rolle gjennom ein dugnadsinnsats som har vore ufatteleg stor. Time etter time har dei stått på for at vi skulle verte ferdig til skulestart i august. I tillegg har besteforeldre og andre velledalingar møtt på dugnad for å hjelpe oss. All denne innsatsen gjor at vi kunne flytte inn i skulen til skulestart i august, ein stor merkedag for heile Velledalen og Sykkylven. Vi har fått eit bygg som vi er stolte av og som viser kva vi har fått til i lag. Mange skryt av skulebygget vi har fått, og det er heilt sant, vi har fått eit flott bygg som vi denne hausten har sett fungera slik det skal på alle måtar. Opning av bygget vart markert 20.september med stor opningsfest på grendahuset, over 200 personar fekk med seg denne opninga. Mange har bidrege med gåver til skulen både i 2013 og i åra før, dette er midlar som har kome svært godt med i oppstarten av skulen og som vert sett stor pris på. Takk til alle! Det at vi no har eit godkjent skulebygg gjor at vi denne hausten kunne ha fullt fokus på det som bygget skal fyllast med, montessoripedagogikk. Vi har eit dyktig personalet som heile tida har fokus på at det skal vere ei best mogleg læring som skjer inne i klasseromma. Den faglege utviklinga til elevane er viktig og det er også den sosial kompetansen som dei skal få gjennom skulekvardagen. Elevane på vår skule er heldige som i haust har hatt tilbod om gratis frukost kvar morgon og som kvar torsdag får servert eit varmt måltid i kjøkkensalen på grendahuset. Takk til FAU og Joker Velledalen som er viktige bidragsytarar. Det at vi ligg vegg i vegg med grendahuset gjer at elevane har gode forhold til fysisk aktivitet i grendahussalen, og at alle elevar på skulen får symjing. Alt dette er forhold som er med på å gi auka kvaliteten i det tilbodet vi kan gi elevane våre. Elevane har i 2013 fått ta del i mange aktivitetar på skulen, vi kan nemne skidag, skeisedag, juleverkstad, uteskule, Nissemarsj, The Margarets, Katten Lurivar, julefest, telttur, Gå for Filippinene. Opplevingar som eg håpar og trur har gitt mykje kunnskap og samhald. I haust starta vi opp elevbedrifta VM-bedrift og det var eit positiv tiltak både for elevar og foreldre. Her har vi eit stort potensiale til å få til fleire gode opplevingar i lag. Styret med styreleiar Pernille Ibsen Lervåg i spissen har stått på i 2013 for at vi skal ha ein god skule, og har også gjennom tilsynet frå Utdanningsdirektoratet fått vist at dei har god kontroll på det dei held på med. Eg vil takke FAU ved leiar Veronika Ulriksen og elevrådet ved leiar Sofie Skylstad Hole for samarbeidet i året som gjekk. 2014 ligg framfor oss med mange moglegheiter. Mange planar er allereie lagt og vi har mykje godt arbeid framfor oss, men der er også rom for nytenking. For oss på skulen vil utviklinga av uteområdet vere ei viktig sak, og vi er glad for at FAU og styret har tatt tak i dette. Vi gler oss til å sjå kva ein får til i 2014. Vi har i året som gjekk hatt eit samarbeid med vår gode nabo Velledalen Naturbarnehage SA og vi ser fram til å samarbeide meir og tettare med dei. Ilag kan vi få til endå meir. Vi har mellom anna store planar om felles hage på området til barnehagen.
Saman har vi fått til veldig mykje i året som gjekk, og eg vil takke kvar einskild for innsatsen. Eg ser fram til eit innhaldsrikt 2014! Helsing Kristin Grebstad rektor ![]() |
Nyheiter >