Nyheiter‎ > ‎

Vi har tilsett to nye lærarar

lagt inn 6. mai 2015, 14:09 av Kristin Grebstad   [ oppdatert 6. mai 2015, 14:16 ]

Vi har hatt ute annonse for å søkje etter nye lærarar til skulen og styret har no tilsett to personar i desse stillingane. Kari Anne Stølen ( 46 ) er tilsett i den eine stillinga, ho arbeider no på Ringstad skule på Stranda men kjem opprinnelig frå Straumgjerde. Ho er utdanna adjunkt med tilleggsutdanning og har over tjue års erfaring som lærar. I den andre stillinga er  Marit Bratli ( 51 ) tilsett. Marit er utdanna lektor med tilleggsutdanning og har mellom anna utdanning innan lese og skriveopplæring. Marit er busett på Ikornnes og er inne i sitt fjerde år ved Hundeidvik Privatskule. Før det har ho mellom anna jobba på Jarnes skule og på Aure skule.
Begge to er aktive innan musikklivet i bygda og har mange års erfaring frå korps, storband og musikkskule.
Kari Anne Stølen

Vi er veldig glade for å ha tilsett desse to dyktige og kunnskapsrike damene og vi ser fram til å arbeide saman med dei frå neste skuleår.
Comments