Nyheiter‎ > ‎

Nissemarsjen 2013

lagt inn 17. des. 2013, 03:54 av Ukjent bruker   [ oppdatert 17. des. 2013, 05:41 av Kristin Grebstad ]

Velledalen Naturbarnhage arrangerte i dag Nissemarsj og til den hadde dei også invitert elevar og tilsette på skulen. Vi starta klokka 08.30 frå barnehagen og vi hadde ikkje gått lange vegen før vi plutselig oppdaga nissen. Det var ein sprek nisse som sprang i vegen før oss, og han hadde tydeligvis ikkje tenkt at vi skulle få sjå han på nært endå. Han for opp i skogen, bak leikarhytta , bak tre og heldigvis hadde han vore i kosebua til barnehagen med Nissemedaljar til alle borna. Dei hadde han henta på Hole med leiaren i Velledalen I.L. I kosebua var det utdeling av pepperkaker og gløgg og Joker Velledalen sponsa mandarinar.
Det var ein frisk start på dagen og etterpå gjekk borna inn for å førebu julefestane som skal vere i dag og i morgon. Vi gler oss allereie til neste år!


Nissemarsj 2013



Comments