Nyheiter‎ > ‎

Nettverkssamling for Montessoriskulane i Møre og Romsdal

lagt inn 4. mars 2013, 05:42 av Ukjent bruker   [ oppdatert 24. mai 2013, 03:22 ]


Montessoriskulane i Møre og Romsdal var i dag samla til nettverksamling i Velledalen og fire av fem skular var representert . Frå Haram kommune kom Grytestranda Friskule og Hildre Montessoriskule og frå Midsund kommune kom Midsund Montessoriskule. Alle desse skulane er ganske nye, Velledalen og Hildre er nyoppstarta dette skuleåret, medan Midsund er i gong  med 5.året sitt.
Det å kunne samlast for å utveksle erfaringar og idear er noko alle ser på som svært viktig for å utvikle skulane vidare, det er alltid ting ein kan lære av kvarandre, slik var det også i dag.


Hovudfokuset var på læreplanar, loggar og dokumentasjon. I tillegg vart det utveksla materiell og idear rundt dette. 

Det var høve til å sjå seg om i klasseromma til skulen og nokre var også svært spente på å kike inn i skulen som er under bygging.

Klasserommet til gruppe 1


Det er viktig å opprette kontakt både for lærarar, assistentar og rektorar, og dette var også eit av måla for den fyrste samlinga. Neste samling vert på Hildre i oktober 2013.
Comments