100 % undervisningsstilling ledig frå 01.08.15 Det kan også verte andre ledige stillingar. Søknadsfrist 27.03.2015
Velledalen Montessoriskule AS ligg i Sykkylven kommune og vart starta opp i august 2012. Vi held til i gode lokaler og har flott gymsal og symjehall. Vi er med i Den naturlige skolesekken med fokus på økologisk mat / jakt og vi er med på den nasjonale satsinga « Vurdering for læring». Vi har i dag 40 elevar og 10 tilsette. Elevtalet er stigande. Frå 01.08 har vi ledig 100 % fast undervisningsstilling. Vi er ute etter deg som er utdanna lærar og som har tatt montessoriutdanning. Det kan også vere aktuelt å tilsette ein lærar som er villig til å starte på montessoriutdanning i løpet av to år. Utdanninga vert betalt av skulen.
Vi legg vekt på erfaring og personlege eigenskapar. Vi har gode lønnsvilkår og kan hjelpe til med å skaffe bustad. Menn vert oppmoda om å søkje. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Alle tilsette er medlemmar i Statens pensjonskasse.
Det kan i tillegg verte andre ledige stillingar frå 01.08 både som montessoripedagog og som assistentar. For meir opplysningar ta kontakt med rektor på mob.91522451 / 70250116. Epost: rektor@velledalenmontessoriskule.no
Søknaden skal sendast til Velledalen Montessoriskule AS Vallavegen 241 6220 Straumgjerde eller på epost : www.rektor@velledalenmontessoriskule.no
Søknadsfrist er 27.03.2015 |
Nyheiter >