Nyheiter‎ > ‎

Mange møtte opp på FAU sitt haust-treff

lagt inn 3. sep. 2014, 14:21 av Kristin Grebstad   [ oppdatert 3. sep. 2014, 14:47 ]

Det var mange som takka ja til FAU sitt tilbod om å ta middagen rundt grillane på skuleområdet i dag. Veldig mange av elevane møtte opp og dei hadde med seg både foreldre, besteforeldre og syskjen. Det vart ei sosial stund med grilling, kaffi og kaker, prat og leik. FAU legg opp til at dette skal verte ein årleg tradisjon ved skulen.

Snart er grillmaten klar.

" Den som spiser pølsemat..."

Nokre av gutane i gr.2.

Aina og Jon i ein " grillsamtale".

Medan andre var ute og leika nytta Pernille i 1.klasse  høve til å vere kjøkkenassistent for Hanne som var på kjøkkenet
for å førebu torsdagsmiddagen til elevane. Pernille var veldig god på å knekke egg så ho fekk ansvaret for den jobben, og det klart ho kjempefint! 
Det er berre å gle seg til kyllingburgar i morgon.

Pernille i arbeid på kjøkkenet.


Comments