lagt inn 30. apr. 2014, 21:54 av Kristin Grebstad
[
oppdatert 1. mai 2014, 05:00
]
Tenk deg at du sit på jobb og så kjem plutselig tre dyktige musikarar inn gjennom døra. Dei spelar gitar og banjo, dei syng vakkert ,dei har humor og dei har sjarm. Dette skjedde på skulen på onsdag, medan gruppene var midt i kunst og handverktimane opna klasseromsdøra seg og inn kom tre karar.Opplegget var i regi av Kultursekken og her er det dei sei om det: " Trioen, bestående av habile sangere innenfor et mangetall sjangre, har lagt sin elsk på rural, amerikansk harmonisang. Bluegrass, Old-Time, Southern gospel og Jubilee sang. Og de akkompagnerer seg selv med gitar og banjo. De synger utadvendte sanger om kjærlighet og tap, og stemmene spenner seg fra det buldrende bassregister til lysere lengsler."
Både elevar og tilsette vart imponert over " konserten " som varte i ti- femten minutt. Ein elev i gruppe 1 spurte rektor om ho hadde leigd dei inn, og fekk til svar at dei berre kom. Då svarte han: " Ej synst du skal betale dei, for dei var veldig flinke. "
|
|