Nyheiter‎ > ‎

Ledig stilling

lagt inn 4. juli 2018, 02:30 av Kristin Grebstad   [ oppdatert 4. juli 2018, 02:44 ]

Velledalen Montessoriskule er ein privat grunnskule for 1. – 7. trinn i Sykkylven kommune. Skulen er driven etter dei pedagogiske prinsippa til Maria Montessori, og har eigen læreplan. Skulen har tariffavtale og pensjonsordning i Statens pensjonskasse. Skuleåret 2018-2019 har skulen 60 elevar.

Vi har ledig årsvikariat som lærar i 60 % stilling. Stillinga er knytt til 1.- 4.klasse.
Vi søkjer lærarar med godkjend allmennlærarutdanning. Dersom vi ikkje får søkjarar med godkjend utdanning, blir andre søkjarar vurderte.

Menn vert oppmoda om å søkje 

Søknadsfrist: 20.juli 2018

Send søknad med CV til rektor@velledalenmontessoriskule.no
Ta kontakt med rektor, Kristin Grebstad, for nærare opplysningar om stillinga, tlf. 91522451

Comments