Velledalen Montessoriskule er ein privatskule med elevar frå 1.- 7. klasse i Sykkylven kommune, som starta opp i 2012. Frå august 2021 vil vi ha 68 elevar.
- Vi har no ledig inntil 80 % stilling som pedagog i perioden 01.08.21 – 31.07.22.
Vi søkjer deg som er grunnskulelærar med utdanning i spesialpedagogikk.
- Vi har også ledig inntil 60 % stilling som barne og ungdomsarbeider / assistent i perioden 01.08.21 – 31.07.22. Her kan stillingsprosenten verte auka opp ved interne endringar. Her ynskjer vi deg med utdanning som barne og ungdomsarbeidar. Erfaring frå skule er ein fordel.
Menn vert oppmoda om å søkje.
Du som søkjer er
- Raus, omsorgsfull og positiv
- Løysingsorientert og fleksibel
- Arbeidsom og sjølvstendig
- Motivert og interessert i montessoripedagogikk
- Flink til å sjå det beste i kvar einskild elev
- God til byggje gode relasjonar, både med born og vaksne.
Vi tilbyr
- Eit engasjert og inkluderande arbeidsmiljø
- Støtte til vidareutdanning
- Løn og arbeidstid etter tariff
- Medlemskap i SPK
Aktuelle personar vert kalla inn til samtale.
Søknadsfrist: 20.04.20
For spørsmål kontakt rektor Kristin Grebstad på 91522451
Søknad med cv sender du til
rektor@velledalenmontessoriskule.no eller
Velledalen Montessoriskule,
Vallavegen 241,
6220 Straumgjerde