Velledalen Montessoriskule er ein privat skule frå 1.- 7. klasse i Sykkylven kommune og vil frå hausten ha 75 elevar. Vi har no ledig vikariat som pedagogar i perioden 010822- 310723 og vi treng inntil 150 % stilling. Vi søkjer deg som er grunnskulelærar med montessoriutdanning. Om vi ikkje får søkjarar med desse kvalifikasjonane er det aktuelt å tilsette grunnskulelærarar. Du som søkjer er • Raus, omsorgsfull og positiv • Løysingsorientert og fleksibel • Arbeidsom og sjølvstendig • Motivert • Flink til å sjå det beste i kvar einskild elev • God til byggje gode relasjonar, både med born og vaksne. Vi tilbyr - Eit engasjert og inkluderande arbeidsmiljø - Løn og arbeidstid etter tariff - Medlemskap i SPK Menn vert oppmoda om å søkje. Aktuelle personar vert kalla inn til samtale. Søknadsfrist: 09.06.22 For spørsmål kontakt rektor Kristin Grebstad på 91522451 Søknad med cv sender du til rektor@velledalenmontessoriskule.no eller Velledalen Montessoriskule, Vallavegen 241, 6220 Straumgjerde |
Nyheiter >