Velledalen Montessoriskule er ein privat grunnskule for 1. – 7. trinn i Sykkylven kommune. Skulen er driven etter dei pedagogiske prinsippa til Maria Montessori, og har eigen læreplan. Skulen har tariffavtale og pensjonsordning i Statens pensjonskasse. Vi har ledig fast stilling som lærar i inntil 100 % frå 1. januar. Vi søkjer lærarar med godkjend allmennlærarutdanning med tilleggsutdanning i spesialpedagogikk . Dersom vi ikkje får søkjarar med godkjend utdanning, blir andre søkjarar vurderte. Vi har også behov for tilkallingsvikarar. Søknadsfrist: snarast og seinast 30. november. Send søknad med CV til rektor@velledalenmontessoriskule.no |
Nyheiter >