Nyheiter‎ > ‎

Ledige elevplassar

lagt inn 11. feb. 2014, 09:53 av Kristin Grebstad   [ oppdatert 11. feb. 2014, 09:58 ]
Fristen for søkje elevplass for skuleåret 2014 / 2015 var 1.februar, og det kom inn seks søknadar. Slik det ser ut pr. i dag har vi fem ledige elevplassar neste skuleår. 
Vi opplever at mange er nysgjerrige på montessoripedagogikken og at mange tek kontakt for å få vite meir. Vi har fleire elevar som har søkt seg til oss frå andre skular i løpet av den tida vi har vore i drift og dei gir oss positive attendemeldingar på skulekvardagen på montessoriskulen vår. Det er i dag sju elevar som tek buss til og frå sentrumsområdet kvar dag. 
Til no har vi tatt inn elevar heile skuleåret, men dette ynskjer no styret å gjere ei endring på. Hovudopptaket vert 1.februar og vi tek inn elevar fram til 30.september dersom det er ledige elevplassar.  Etter 1.oktober stoppar vi inntak av nye elevar sjølv om der skulle vere ledige plassar. I heilt spesielle tilfeller kan det vere høve til å søkje plass også etter 1.oktober, dette finn ein informasjon om i inntaksreglementet til skulen. 
Dette betyr at dersom du vil ha plass til barnet ditt på skulen vår kan du søkje no og du får plass frå august 2014.

Februar betyr søknadsfrist til skulen, men for elevane betyr det karneval!
Comments