Nyheiter‎ > ‎

Lærerike studiedagar

lagt inn 1. nov. 2014, 15:14 av Kristin Grebstad

Dei aller fleste av personalet ved skulen har vore på nettverksamling på Midsund Montessoriskule fredag og laurdag denne veka. Dette nettverket er sett saman av alle dei fem montessoriskulane i fylket, og denne gongen hadde vi hyra inn Carla Foster til å inspirere og lære oss endå meir om pedagogikken . Carla er ei av dei dyktigaste personane i landet på vår pedagogikk og ho ga oss mykje å tenke på gjennom desse dagane. Dette er kunnskap vi tek med oss heim til Velledalen og som vi skal bruke i det vidare arbeidet med å bli ein endå bedre montessoriskule.

Her er gjengen som har vore på tur:


Comments