Vi på skulen kjøpte oss 20 egg og fekk låne oss ei rugekasse. Denne har stått på klasserommet til gr.2 og for 21 dagar sidan vart egga lagt i den. Elevane har vore aktive med i prosessen desse tre vekene og ein gong i veka har egga vore gjennomlyste for å sjå om det var liv i dei. Dei har også fått sett inn i eit egg som det ikkje var liv i lenger. Elevane har sett film om egget si utvikling og det har vore jobba med ulikt materiell om dette. Det har vore stor spenning om kor mange kyllingar som ville kome ut av egga og alle har sett fram til å få sjå kyllingane. I dag når vi kom på skulen var det fem kyllingar som hadde kome ut i løpet av natta og i løpet av skuledagane har det kome tre til. Elevane har fått sett på nært hald korleis kyllingen kjem ut av egget og det har vore veldig stor interesse for dette i dag. Nesten som om dei ikkje kunne gå heim når skuledagen var over. Det ser ut til å ende på ti kyllingar. |
Nyheiter >