Nyheiter‎ > ‎

Kunstkafè 22.mars

lagt inn 6. mars 2014, 02:18 av Kristin Grebstad   [ oppdatert 6. mars 2014, 02:40 ]

FAU ved skulen arrangerer kunstkafè på Velledalen grendahus laurdag 22.mars kl.14.00-18.00. Denne dagen vert det salsutstilling med lokale kunstnarar, sal av elevkunst, tombola og sjølvsagt sal av kaffi, kaker og sveler. Dei lokale utstillarane vi har fått med oss er Oddny Løseth Velle, Solveig Hopland, Trude Fylling og Bjørnar A. Lade.
Elevane jobbar no med bileta sine som dei skal ha klare til den 22.mars. Oppstarten av kunstprosjektet til elevane var ei samling med Oddny Løseth Velle og Solveig E Hopland på skulen der dei to fortalte om korleis dei jobbar med bileta sine, elevane fekk også sjå bileter som dei hadde måla. Elevane hadde mange spørsmål som dei fekk svar på, og mange av dei vart nok forundra over at kunstnarane tok att eit bilete mange gangar før dei var ferdige med det.

Oddny og Solveig på besøk på skulen.
Oddny og Solveig på besøk.

Nokre av gutane i sving med penselen.

Denne veka her var Oddny Løseth Velle på skulen og viste korleis ein kunne måle på lerret, og elevane i gruppe 2 var mektig imponert over det dei såg. Oddny vil vere på skulen i kunst og handverktimane framover no for å hjelpe til og med å gi elevane tips, idear og inspirasjon.

Oddny i aksjon.


Elevane fyl nøye med på kva Oddny gjer.

Elevar og tilsette på skulen håper mange vil kome på grendahuset den 22.mars for å sjå resultatet.
Comments