Torsdag var heile skulen på Tandstad skule på konsert i regi av Kultursekken og såg forestillinga Jazzfigur . Her er det Kultursekken skriv om forestillinga; " Lille Håkon strevar med å lære seg å sykle, medan trollet er på evig jakt etter gull. Alle dokkene vi møter i denne konserten, har sitt å stri med. Det er utgangspunktet for jazzkabareten "I tråd med musikken", der veteranar frå norsk jazzmiljø og norsk figurteater samarbeider om ei stor musikk- og teaterframsyning.Jazz og figurteater er ikkje så ulike kunstformer som ein skulle tru. Begge tek utgangspunkt i folkelege former, og begge byggjer på improvisasjon.JazzFigur, i tråd med musikken hadde premiere i 2002 og har sidan vore på ei rekkje turnear for Rikskonsertane, faktisk heilt til India " Våre elevar likte forestillinga veldig godt. |
Nyheiter >