Elevane vart delt opp i grupper, og fekk vere med på ulike aktivitetar. Måndag hadde ei gruppe fokus på fysisk aktivitet og var både i gymsalen og i symjehallen. Den andre gruppa var på kjøkkenet og lærte meir om sunn mat. Dei kutta grønnsaker og laga urtedip , og siste del av dagen laga dei økologisk Kubab til begge gruppene. Det er ikkje berre på Brøvøllsfestivalen at dette er populær mat, alle likte det og mange ville ha meir enn ein. Tysdag var ei gruppe på kjøkkenet, der dei baka grove rundstykker og laga grønnsaksuppe til alle som var der denne dagen. Dei andre var mellom anna ute og spelte ishockey før dei gjekk i symjehallen. Begge dagane hadde vi god hjelp av Emma Eikrem og Anne-Silje Vatne som er medlemmar i 4H som no køyrer eit opplegg dei kallar " Frå jord til bord". Mataktivitetane våre desse dagane var inspirert av dette opplegget. Aktivitetsdagane vart avslutta med turdag på onsdag, det var fint turver, men litt kaldt. Vi laga bål og alle fekk lage seg bålpizza, ein ny rett for mange. Innimellom aktivitetane var det det tid til frileik både inne og ute og mange fekk nye vennar. Vi på skulen er godt nøgde med desse dagane og vil nok prøve liknande opplegg også i tida som kjem. |
Nyheiter >