Nyheiter‎ > ‎

Kjartan Grebstad,- ny symjelærar

lagt inn 7. feb. 2016, 11:05 av Kristin Grebstad   [ oppdatert 7. feb. 2016, 11:47 ]

Vi har frå januar 2016 tilsett Kjartan Grebstad som symjelærar ved skulen vår. Vi er heldige som har Velledalen symjehall som næraste nabo og hos oss har alle klasser symjing kvar veke frå oktober til og med april.
Kjartan er ein pådrivar for symjing i kommunen, han er leiar i SIL-symjing og han sit også i styret i Møre og Romsdal svømmekrets. Han har erfaring som konkurransesymjar på nasjonalt nivå og han har utdanninga si gjennom Norges svømmeforbund og han held ei rekke kurs rundt om på Sunnmøre. Møre og Romsdal fylke har to skulekontrollørar i forhold til symjeopplæring og Kjartan er ein av desse.
Vi ynskjer Kjartan velkomen til oss og er veldig fornøgde med å ha fått ein slik ressurs med oss på laget!


Comments