Desember og juleverkstad høyrer saman og tysdag 3.desember var det tid for ein heil dag med ulike juleaktivitetar for alle elevane på skulen. Elevane kunne velge mellom fire ulike aktivitetar; bake lefse, lage dørmatter av bjørkeris, lage lys og ei aktivitet der dei kunne sy / lage klokkestreng. Alle elevane fekk vere med på to av desse aktivitetane, og det var mange fine produkt som vart laga denne dagen. Elevane viste stor innsats og dei ga uttykk for at dette hadde vore ein kjekk dag. Vi på skulen vil takke dei frivillige som hjelpte oss, her var både ei bestemor og ei oldemor og slik hjelp set vi stor pris på. Takk Annlaug, Hanne, Ingebjørg, Hanna og Anne. |
Nyheiter >