Tysdag var gr.2 på utflukt til Brunstad for å sjå på korleis ein utnytta vasskraft i gamle dagar. Kjetil Brunstad hadde laga ein kvernkall, og han viste og fortalde korleis denne verka. Elevane fekk prøve å «slipe» øksa på «slipesteinen» . Turen gjekk vidare til dei gamle kvernhusa som står att. I det eine kvernhuset var noko av inventaret på plass, og Kjetil fortalde korleis dei mol kornet før. Vassrenna til dette kvernhuset er laga av ein uthola trestokk , Ca 200 år gammal. Under kvernhuset kunne vi sjå restar av den gamle kvernkallen. For å få vatn til alle kvernhusa som låg langs «marebakken» på Brunstad, bygde bøndene opp ei kvernveite av stein. Eit imponerande byggverk som vi såg restar av! Ved Jørn-kvernhuset fekk vi også sjå restane av eit kraftverk som Jørn-Ole hadde bygt og som ga straum til Jørngarden, mellom anna til den første møbelproduksjonen til Brunstad AS. Tusen takk til Kjetil for alt vi fekk sjå og høyre! |
Nyheiter >