![]() INFORMASJON TIL HEIMEN Open skule for gruppe 1 Sist veke var det open dag for elevane i gruppe 1 og det vart ei fin økt der elevane fekk vise noko av det dei arbeider med på skulen. Ekornes-cup Flott innsats av elevane på Velledalen montessoriskule på Ekornes-cupen på laurdag. Det såg ut som alle hadde det kjekt og det var det viktigaste denne dagen. Ski Håkon Fedt har køyrt opp skiløyper på grasbana og på marka nedanfor barnehagen slik at dei elevane som vil kan ta med ski på skulen og få gå på ski i utetida. Viktig at ein merkar ski og stavar. Elevane kan få sette skiutstyret i lærargangen slik dei slepp å ta det med heim kvar dag. Vinterferien Vi gir tilbod om eit utvida tilbod måndag, tysdag og onsdag på SFO i vinterferien, og dette har vore godt mottatt. Det er mellom 15 – 18 elevar som er påmelde desse dagane, og det er ei fin blanding i alder. Torsdag og fredag vert SFO open som vanleg. Karneval Fredag avsluttar vi med karneval frå 12.30 – 14.30. Elevane vert oppmoda om å vere kreative å finne kostymer heime, det er ikkje meininga at ein skal kjøpe nye kostymer. Vi skal vere i gymsalen og det vert programinnslag ved dei ulike gruppene. Søknadsfristar Fristen for å søke skuleplass er 1.mars, dei elvane som allereie går på skulen skal ikkje søke for neste skuleår. For SFO er søknadsfristen 1.april og her skal alle søke for kvart år. Søknadsskjema til SFO vert sendt med elevane heim når det nærmar seg. Studiedag Fredag 1. mars vert det studiedag for både skulen og SFO og her vert då stengt. Denne dagen skal dei tilsette ha felles studiedag her i Velledalen saman med andre montessoriskular i fylket. Skulen har fått nettside! Skulen har fått ny nettside som vil verte oppdatert jamnleg framover. Her kan dykk finne informasjon, nyhende og litt om kva som skjer her på skulen vår. Sida er ganske "fersk" endå, men med tida til hjelp vil den verte fyldig og fin. (vonar oss) Nettadressa er: www.velledalenmontessoriskule.no PLANAR FRAMOVER 15.februar: Karneval siste del av dagen for heile skulen. Veke 8 ( 18.-22.februar):Vinterferie 1.mars: Studiedag både for skule og SFO Veke 12: Kontaktmøter 12.02.2013 Kristin Grebstad Rektor: 91522451 ( NB , nytt rektornummer ) Lærarrom: 41233049 SFO : 41233039 |
Nyheiter >