Vinterferien Aktivitetsdagane i vinterferien var populære og vi hadde 20 born frå 1.- 6.klasse her kvar dag. Dei kosa seg i symjehallen og gymsalen, baka, var på båltur og var på « kino « i gymsalen. Det var mykje positive tilbakemeldingar og dette er noko vi ynskjer å utvikle vidare.
Søknadsfristar Fristen for å søke skuleplass er 1.mars, dei elvane som allereie går på skulen skal ikkje søke for neste skuleår. For SFO er søknadsfristen 1.april og her skal alle søke for kvart år. Søknadsskjema til SFO vert sendt med elevane heim i dag, og SFO er open for alle elevane på skulen.
Studiedag Fredag 1. mars vert det studiedag for både skulen og SFO og her vert då stengt. Denne dagen skal dei tilsette ha felles studiedag her i Velledalen saman med andre montessoriskular i fylket.
Turkveld med bål ( og stjerner?) Elevar og tilsette skal på tur ein ettermiddag / kveld, der vi går til ein plass i nærområdet og tenner bål og har ulike aktivitetar. Dato for dette er ikkje bestemt, men vi satsar på at det vert i mars. Elevane får med lapp heim når datoen er klar.
Skidag Planen er at vi skal på skidag på fjellet i løpet av mars, her må vi avvente ver og føreforhold. Denne dagen skal heile skulen vere ilag og vi skal gå på tur, slik at alle må finne fram langrennski til denne dagen. Det kan bli kort varsel heim om denne dagen, slik at det kan vere greit å ha det utstyret ein treng klart. Viss det er elevar som ikkje har langrennski kan ein prøve å få låne med andre.
PLANAR FRAMOVER 1.mars: Studiedag både for skule og SFO 18.og 19.mars: Kontaktmøter
Kristin Grebstad
Rektor: 91522451 ( NB , nytt rektornummer ) Lærarrom: 41233049 SFO : 41233039 |
Nyheiter >