Nyheiter‎ > ‎

Informasjon til heimen

lagt inn 10. apr. 2014, 14:26 av Kristin Grebstad   [ oppdatert 10. apr. 2014, 14:26 ]

             08.04.2014

 

KUNST-KAFÈ  Saman så klarte vi å arrangere ein flott kunst-kafè den 22.mars og det var mange som bidrog på ein eller anna måte. Vi fekk inn 31 000 kroner som går inn på FAU sin konto. Tusen takk til alle, og vi satsar på at dette vert eit årleg arrangementJ

 

SFO-SØKNAD   Vi ber om at dei som ynskjer plass på SFO neste skuleår leverar inn søknadskjema til skulen før påske. Skjema ligg på heimesida eller du kan ta kontakt med skulen.

 

UTEOMRÅDET  Vi har hatt ei gruppe som har sett på det med utvikling av uteområdet til skulen. Kva vil vi ha og korleis bør vi vidareutvikle det på best mulig måte? Gruppa har knytt til seg ein landskapsarkitekt-student og han kjem til oss i påska for å ha møte og for å sjå på området.

 

VAFFELKAFÈ OG AKTIVITETSKVELD   6. og 7.klasse har arrangert dette for å få inn pengar til leirskule. Det kom inn 6500 kroner på desse arrangementa. Leirskulen er frå 12.-16.mai på Gjermundnes leiskule.

 

SKULEHAGE Vi planlegg skulehage saman med Velledalen Naturbarnehage på området ved elva. Vi skal ha åker, frukttre, bærbusker og plantekasser.

 

GENERALFORSAMLING   Det vert generalforsamling i Velledalen Montessoriskule AS måndag 19.mai på Velledalen grendahus. Pernille Lervåg har gått ut av styret og Arnhild Drabløs er fungerande styreleiar fram til den 19.

 

LEDIG STILLING

Cecilie Welle Bay har takka ja til den ledige stillinga som var utlyst. Torje går i den stillinga no.

 

GUDSTJENESTE 25.MAI KL.13.00 PÅ GRENDAHUSET   Husk å levere innatt lappen om kven som kan delta denne dagen. Dette er frivillig, men vi håper at ein del av elevane kan vere med slik vi kan delta med song / tekstlesing m.m.

 

AKTIVITETAR FRAMOVER

10.april: May Britt Tynes kjem på besøk kl.12.30 for å vise film / fortelje frå Filippinene.

11.april: Gruppe 2 skal til Vik skule kl.10.30 for å sjå danseforestilling i regi av Kultursekken.

11.april: Påskelunsj kl.12.00 for heile skulen. Treng ikkje matpakke denne dagen.

22.april: Gruppe 2 på besøk på Norsk Møbelfaglig Senter. Buss kl.09.15.

29.april: Bronsealderkofferten, eit opplegg på 4 timar ute for alle elevane. Kulturlauget.

log
Comments