Nyheiter‎ > ‎

INFORMASJONSMØTE

lagt inn 9. jan. 2015, 07:33 av Kristin Grebstad

Vi inviterer til informasjonsmøte på skulen TORSDAG 22.januar kl.20.00. Der vert det gitt informasjon om skulen og om montessoripedagogikken.

Møtet er for deg som ynskjer å søkje elevplass til ditt barn skuleåret 2015 / 2016 eller som berre vil vite meir om skuletilbodet vårt.

Søknadsfrist er 1. februar for 1.-7.klasse

Vi har eit unikt førskuletilbod der elevane får ti økter på skulen i perioden februar – april. Elevar frå andre stadar i bygda får gratis skyss til desse dagane.

Spørsmål? Ta kontakt med rektor på 91522451.

Her er nokre av elevane i gang med eksperiment.
Comments